Kommunestyremøte i Surnadal

Ei dame på talarstolen i eit møte.
Økonomisjef Vibeke Langli.

– Vi jobbar kontinuerleg med innsparing, på alle einingar

Sost torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal, der den anstrengte kommuneøkonomien naturleg nok var eit viktig tema.

Ny kommuneoverlege

Heilt i starten av møtet orienterte kommunedirektør Lars Inge Kvande om at Surnadal kommune har tilsett ny kommuneoverlege frå 1. november. Den nye kommuneoverlegen  Kirsten Vikan Opdahl deler stillinga si mellom to kommunar. Ho er no kommuneoverlege både i Rennebu og i Surnadal. 

Orientering om Trollheim

Etter dette fekk kommunestyret ei orientering om Trollheim, som består av tre aksjeselskap. Dette vart presentert av Knut Ulset Bævre, som er dagleg leiar i alle dei tre selskapa, Trollheim AS, Trollheim i jobb AS og Trollheim Arbeid og Inkludering AS. Surnadal kommune er den største eigaren i desse selskapa. I tillegg er Tingvoll, Sunndal, Heim og Rindal kommunar eigarar.

Bævre fortalte mellom anna litt om prosjektet "Inkluderende jobbdesign", som er eit samarbeid mellom Trollheim AS og Surnadal kommune. Prosjektet er i gang, og målet er at helsearbeidarar skal bruke tida si på dei oppgavene dei er kvalifisert til. Det inneber mellom anna å kartlegge arbeidsplassar og finne arbeidsoppgaver som andre utan helsefagleg kompetanse kan utføre, for å frigjere tid for helsepersonell og bruke ressursane betre.

20 millionar i meirforbruk

Økonomisjef Vibeke Langli presenterte tertialrapporten for andre tertial, og saksframlegget om budsjettregulering. Etter andre tertial har kommunen eit negativt netto driftsresultat (meirforbruk) på 20,1 millionar kroner.

Økonomisjefen viste at det er meirforbruk i nesten alle einingane. Ho sa og at mange av einingane har signalisert at dei ikkje vil klare å halde seg innanfor budsjettramma si i år, og det er til dels store avvik. Dei største avvika gjeld løn og vikarinnleige. Det gjeld óg sosialhjelp, det gjeld tenestemottakarar med einetiltak, og ikkje minst at løns- og prisveksten har vore større enn det som er lagt inn i budsjettet.

– Vi jobbar kontinuerleg med innsparing på alle einingar, både på kort og på lang sikt, sa Langli.

Så langt i år har kommunen redusert drifta med nesten 10 årsverk, fordelt på teknisk drift, voksenopplæring og integrering, og sentraladministrasjon. I tillegg er det nokre stillingar som står vakante. Dei vakante stillingane utgjer 3-4 årsverk, sa økonomisjefen.

Fleire personar som sit i eit møte og følger med på ein storskjerm,

Dei kommunale gebyra på vatn vart auka i år, etter ein gjennomgang av sjølvkostrekenskapen. Alle kostnadar som er knytt til kommunalt vatn skal reknast med i sjølvkostrekneskapen, og skal dekkast av inntekter på kommunale gebyr på vatn. Rekneskapen viser at sjølvkostfondet er negativt. No går tala rett veg. men fondet kjem ikkje på plussida før i 2025. 

Sjølvkostfondet både på vatn og avløp er styrka i løpet av inneverandre år, sa økonomisjefen.

Ho gjekk igjennom fleire viktige faktorar som kan påverke resultatet for inneverandre år i positiv eller negativ retning framover.

Kritisk til manglande budsjettregulering

Forslaga til budsjettregulering som vart lagt fram på møtet var berre på investeringar. Økonomisjefen sa at det er vanskeleg å foreslå budsjettreguleringar på drift, når ein berre har disposisjonsfondet å regulere mot. Derfor har dei ikkje gjort det denne gongen.

Ole Joar Karlstad Bruset (H) gjekk på talarstolen og sa at opposisjonen er bekymra for at det ikkje blir utført budsjettreguleringar etter andre tertial, fordi eitt av verktøya dei har i budsjettarbeidet er å sjå på prognonsane for inneverandre år, og aktiviteten i einingane, og samanlikne med budsjettet året etter. 

I den vidare debatten vart det retta til dels sterk kritikk mot kommunen som organisasjon, mellom anna for mangel på tilpasning til budsjettet, frå representantar for opposisjonen. Kommunedirektøren svara at han meiner at administrasjonen har følgt opp dei politiske vedtaka som har vore gjort, og at dei jobbar offensivt med dette kvar einaste dag. Han nevnte fleire eksempel på vedtekne tiltak som er utført.

Ordførar Hugo Pedersen og andre representantar for posisjonen uttalte at dei har tillit til at kommune­administrasjonen gjer det dei kan for å oppfylle forventningane frå politikarane.

Sjå heile debatten på KommuneTV.

Saka om utgreiing om utviding og endring av verneform av Trollheimen landskapsvernområde har vi omtalt tidlegare, i ei eiga sak på Trollheimsporten.

Innhaldsrikt spørjekvarter

I spørjekvarteret kom det spørsmål om spleiselag for finansiering av reguleringsplan for Todalsfjordprosjektet, vedlikehald ved Surnadal kulturhus, om kva som skjer i Surnadal idrettsråd, om det er plassproblem i skulane, om tilgang for personar med funksjonsnedsetting ved inngangen og tribuna i Surnadal idrettshall, om leiarskap og gjennomføring av innsparingstiltak i kommunen, og om kostnadar og vikarbruk i høve til Helseplattformen. 

Du kan høyre og sjå alle spørsmåla og svara i opptaket av møtet på KommuneTV:

Powered by Labrador CMS