Surnadal kommune melder:

Kommunens arbeidsgruppe for innføring av Helseplattformen.

Travel innspurt med Helseplattformen kan medføre kortvarig reduksjon i tilbod

Informasjon til innbyggarane:

Helsepersonell i både dag- og døgnbaserte tenester i Surnadal kommune har det siste året jobba hardt for å førebu ein sikker og god overgang til Helseplattformen, tilpassa våre tenester.

All nødvendig helseinformasjon frå fleire ulike system skal følge kvar enkelt brukar og pasient over i den felles journalløysinga ved overgangen 9. november kl. 03:00.

Den store flyttejobben pågår no og legg beslag på store personellressursar i helse- og omsorgstenestene våre. Fram mot overgangsdatoen kan difor enkelte tenestetilbod og aktivitetar bli reduserte, endra eller avlyste på kort varsel. Dette gjeld særleg ved sjukdom.

Tenestemottakarar og pårørande skal vere trygge på at nødvendige helsetenester blir gitt, men tilbod som ikkje er strengt nødvendige kan frå dag til dag måtte vike av kapasitetsomsyn. Vi veit at fleire kan bli skuffa, men ber om forståing i ein avgrensa periode med stort press på helse- og omsorgstenestene.

Etter 9. november bur 75% av innbyggarane i Midt-Norge i ein kommune som brukar Helseplattformen. Det er innført ei rekkje nødvendige forbetringar i løysinga og innføringsløpet sidan Trondheim kommune og St Olavs gikk på for fleire år sidan.

Vi har ein intens innkøyringsfase foran oss, men ser fram til å ta i bruk Helseplattformen til beste for innbyggarane våre.

Helsing
Helsetenesta i Surnadal kommune

Kommunevåpenet og teksta 'Surnadal kommune'

Saka er publisert på Surnadal kommune si heimeside.

Foto øverst:
Kommunens arbeidsgruppe for innføring av Helseplattformen.
Rad 1 frå v: Anne Lise With Vullum (kommunikasjonsansvarleg), Maja Aarnes (tillitsvald NSF), Heidi Gravvold Sæter (lokal innføringsleiar), Rakel Polden (einingsleiar Bu- og aktivitetstenesta), Elin Betten (einingsleiar Heimetenesta).
Rad 2 frå v: Kristin Ulvund (leiar Surnadal sjukeheim), Britt May Hollås (sjukepleiar), Jenny Nordheim (einingsleiar Surnadal sjukeheim), Gunhild Eidsli (kommunalsjef Helse og omsorg), Marianne Hansen Røv (leiande helsesjukepleiar Helse og familie), Kjetil Sogge (IT-ansvarleg) og Ann-Elin Stenberg (einingsleiar Helse og familie). Ikkje til stades på bildet: Rune Nordheim Røv (opplæringskoordinator) og Maybrit Olsen-Hakstad (leiar Heimetenesta)

Powered by Labrador CMS