Prisauke på buss, hurtigbåt og ferje frå 1. januar 2025
1. januar skjer den årlege prisjusteringa av FRAM sine bussbillettar. Hurtigbåtbillettane får prisauke frå same dato, og FRAM Ung stig til 500 kroner. Fylkesvegferjene som ikkje er gratis får prisauke tilsvarande éi takstsone. Dette melder FRAM i en pressemelding.
Endringane vart vedtatt i fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune, tysdag 10. desember.
Dette er endringane frå 1. januar:
Buss
Generelt aukar prisane på bussbillettar med 4,1 prosent. Det betyr ei auke på 2 kroner for vaksen enkeltbillett i éi sone. Prisjusteringa er basert på kommunal deflator, som settast i statsbudsjettet.
FRAM Ung
Prisen på FRAM Ung går opp frå 450 kroner til 500 kroner 1. januar.
– Billetten får også ny aldersgrense, og kan berre brukast fram til og med 20 år. I dag kan du bruke denne til og med 24 år, opplyser Toril Karlsnes, markedssjef i FRAM.
Det vil vere ein overgangsfase for dei som har kjøpt FRAM Ung i desember i år. Den nye aldersgrensa vil bli handheva frå 1. februar 2025.
FRAM Ung er ein periodebillett for reiser med buss og hurtigbåtar i fylket.
– For studentar kan eit alternativ vere FRAM Student, som kan brukast til og med 29 år, seier Karlsnes.
Ferje
Fylkestinget vedtok å auke prisane på dei fylkesvegferjene som ikkje er gratis, tilsvarande éi takstsone. I tillegg får desse sambanda prisauke i samsvar med endringar i AutoPASS-regulativet for ferjetakstar. Auken blir på 3,8 prosent frå 1. januar 2025, i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak.
Reiser med ferje vil framleis vere gratis for passasjerar.
– Du betalar berre for køyretøyet, og det er desse prisane som går opp frå nyttår. Kva du må betale for reisa er avhengig av kva køyretøy du har og kor langt du reiser, seier Karlsnes.
1061 Kvanne–Rykkjem er ein av ferjesambanda som får endra prisar frå nyttår.
Her finner du dei nye prisane.