Endringar i busstilbodet i Moldeområdet frå 1. januar: Prioriterer nysjukehuset på Hjelset
Fleire av busslinjene som i dag køyrer forbi Hjelset, skal frå nyttår køyre innom Sjukehuset Nordmøre og Romsdal for å sørge for eit kollektivtilbod for tilsette, pasientar og besøkande.
Dette gjeld også nokre av busslinjene som kjem frå eller skal til andre delar av fylket.
– Det er linje 714 Molde–Kleive og linje 100 FRAM Ekspress Ålesund–Molde–Kristiansund som blir hovudlinjene for bussreiser til og frå det nye sjukehuset, opplyser Malene Hammerstrøm, kontraktsansvarleg i FRAM.
I tillegg skal også desse busslinjene køyre via sjukehuset på Hjelset frå 1. januar:
- 902 FRAM Ekspress Surnadal–Molde
- 905 FRAM Ekspress Molde–Kristiansund–Trondheim
Ikkje nedom flyplassen
Endra køyreruter gjer at det blir endringar i busstilbodet til Molde lufthavn Årø.
– For å rekke innom sjukehuset på Hjelset, utan for store konsekvensar for reisetida til bussane og vidare korrespondansar, kjem ikkje linje 100, 902 og 905 lenger til å køyre nedom flyplassen, seier Hammerstrøm.
Også ein del andre busslinjer som i dag køyrer nedom flyplassen på enkelte avgangar, eller ved behov, sluttar med dette frå årsskiftet:
- 561 Aukra
- 510 Averøy–Eide–Molde
- 420 FRAM Ekspress Molde–Åndalsnes (togbuss)
- 701 Årølia–Molde–Kvam
Årsaka til dette er samansett – både kostnadar, tidsbruk og utfordringar med å rekke vidare korrespondansar.
– Vi må organisere bussrutene våre rasjonelt for å oppnå eit fungerande kollektivtilbod for flest mogleg innanfor dei økonomiske rammene våre, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.
– Få avstikkarar frå hovudruta gjer at busstilbodet blir meir effektivt og forutsigbart. Dette veit vi er viktig for at folk skal velje å bruke bussen.
For reisande med buss til og frå flyplassen, blir det busstoppa langs E39, Årøhagen og Årøkrysset, som må nyttast frå årsskiftet. Desse ligg om lag 450 meter frå terminalen på flyplassen.
Avgangar kvart 15. minutt for 701
Av bybussane i Molde, er det linje 701 som får flest endringar når den nye busskontrakten startar opp. Mange i bydelen aust for Molde sentrum brukar denne linja til jobb og skole.
– 701 får mykje betre frekvens frå 1. januar. I rushtida blir det avgangar kvart 15. minutt. Det vil gjere det enklare og meir effektivt å bruke bussen, og vi er svært glade for å kunne tilby dette, seier Hammerstrøm.
For å få til betre frekvens, må 701 endre køyrerute. Den kjem ikkje til å køyre til Djupdalen frå nyttår, men gå mellom Dyrhaugbakken i Årølia og Kvam. 701 skal heller ikkje nedom flyplassen.
Nyheitsartikkel om busslinje 701 frå 1. januar 2025
Ta ein sjekk
Nytt frå årsskiftet er også at bybussane i Molde berre kjem til å køyre innom Roseby i senteret si opningstid.
– Også dette er ei justering vi gjer for å få betre flyt i kollektivtrafikken i bysentrum, opplyser Hammerstrøm.
Ho har ei oppmoding til alle som skal reise med buss på nyåret:
– Ver obs på at det blir endringar for fleire av busslinjene i Moldeområdet frå 1. januar. Ta ein ekstra sjekk av busslinja di i reiseplanleggaren i FRAM-appen eller på frammr.no. Der finn du oppdaterte rutetider og detaljar for alle bussane.