Vårsøghelga

Det var fleire artige ballaktivitetar for ungane.

Nydeleg musikk, balleik og god stemning

-variert underhaldning på kulturtorget

Publisert Sist oppdatert

Det var livleg og god stemning på kulturtorget. Kulturskulen hadde fine kulturinnslag og KBK hadde ballaktivitet for ungar.

Ida Mo og Ellen Fiske var to av elevane frå kulturskulen som imponerte saman med Rune Dalager. Ida song mellom anna E slåttatæja, og Ellen song Blir eg blidere nå som tanta hennar, Malin von Scantz, har skrive teksten til.

Bilder frå torget, bla med pilene:

Både ungar og vaksne var ivrige etter å teste skuddfoten.
Ikkje overraskande fann eg to sanitetsdamer som frivillige i servering. Ordførarkandidat for AP, Anett Ranes, og leiar for sanitetsforeninga Britt May Hollås.
Dei oppmøtte var heldige med veret og underhaldninga.
Kulturskulekonsert.
Basket! Om å gjere å få mest poeng. Balleikane var allsidige.
KBK har mange supporterar i bygda, og dei hadde med ulike effektar til sals.
Regissør Christer Steffensen og manusforfattar Sivert Kalvø Harang var tilstades og fortalde om filmen Birk og Magna, som har førpremiere i Surnadal under Vårsøghelga.
Ivrige ungar sto i kø for å prøve å skyte ballen i høgast muleg fart.
Sjefen sjølv, Anders Larsen, var og til stades på kulturtorg, og gjekk og 'snarra'. Fotballinteressert som han er, likar han at kulturomgrepet var litt utvida denne dagen. Han kunne opplyse om at Kleiva-kvelden er flytta innomhus til Storstua.
Ordførarkandidat for Raudt, Håvard Fiske, hadde med seg familien på kulturtorg, Dottera Sunniva spelte konsert.
Simone Akrim vann litt overraska ein straffekonk og fekk ei signert kbk-trøye.
KBK delte ut invitasjonar til kamp med gratis busstur. Attom kunne du teste treffsikkerheita med forballdart.
Powered by Labrador CMS