Pressemelding frå Laget Vårsøg:
Informasjon om smitteverntiltak under Vårsøghelga
Smittetrykket nær fylkesgrensa mot Trøndelag er aukande. Vi som arrangør av Vårsøghelga gjer løpande risikovurderingar og har planlagt Vårsøghelga med tiltak som skal hindre smittespreiing dersom ein uvitande smitta person kjem på eit av våre arrangement.
Kun VIPPS-betaling
For det første har vi tiltak som minimerar vi antal kontaktpunkt. Vi tilbyr difor kun digitalt billettkjøp og kun VIPPS-betaling ved sal av mat/drikke. For enkelte kan dette bli diskriminerande, men dette er eit av smitteverntiltaka som gjer det muleg å få gjennomført Vårsøghelga i år.
Munnbind og meteren
Vi vil gjere alt i vår makt for å minimere risikoen for at våre publikum og involverte blir eksponert for muleg kontaktsmitte under Vårsøghelga. Eit anna avgjerande smitteverntiltak er difor at publikum og alle involverte brukar munnbind i alle kø- og mingle-situasjonar, der vi veit det ikkje er like enkelt å halde 1 meter avstand.
Publikum blir rettleia til tilviste plassar. Her kan publikum ta av munnbindet. Like eins ber vi alle om å kaste eigne brukte munnbind heime, og å sjølv kaste eventuelt søppel i medbrakt avfallspose.
1-meteren gjeld overalt under festivalen, og vi som arrangørar må passe på at den blir etterlevd på alle arrangement.
Hurtigtesting av involverte
Alle som har ei rolle under Vårsøghelga blir hurtigtesta før deltaking i festivalen. Dette gir oss ingen garanti for ei smittefri gjennomføring, men det gir oss mulegheit til å stanse eventuell smitte på startstreken og slik førebygge smittespreiing under festivalen.
Kleivakvelden
Kleivakvelden er for lengst utseld. Vi har dessverre ikkje lov til å ha fleire enn 200 publikummarar i år. Vakter står difor utplasserte tidleg på ettermiddagen laurdag for å unngå at folk som ikkje har billett tek seg inn på konsert-området.
QR-registrering for smittesporing
Vi oppfordrar publikum til å bruke QR-registrering via synlege plakatar på alle arrangement, for å hjelpe oss ved eventuell smittesporing i etterkant.
Kommuneoverlege Bjørn Buan har godkjent Laget Vårsøg sin smittevernplan for Vårsøghelga.
Vel møtt til kulturopplevingar med smittevernregi – saman får vi dette til!