Ungdommer med lilla t-skjorter
Trivselsagentar på samling i Ålesund.

Aktivt år for Vårsøg 4H

Publisert Sist oppdatert

Den medlemsstyrte klubben har i 2024 hatt 19 medlemmar mellom åtte og 15 år. Leiar for klubben har vore Simone Akrim, og med seg i styret har ho hatt Stella Røen, Aimee Kalvik Foss, Kristian Lu og Signe-Lill Bævre. Vaksne i klubben kallast klubbrådgjevarar, og har Unni Bævre i spissen. Klubben som i år feira fem år, har hatt eit aktivt år, med leik, friluftsliv, volleyball, leirar og felles prosjekt.

Vinterleik

Klubben trivst godt ute i snøen, og hadde i vinter først akedag på Eidet med feiring av klubben som vart fem år 19. februar, så snøscooterdag på Langhaugen og i mars var det karneval i akebakken i Øyatrøa.

Barn aker etter snøscooter
Full fart! Ti fartsglade ungar var med på snøscooterdag.

Arrangement

Klubben er heller ikkje redd for å bli med på eksterne arrangement. 17. februar deltok klubben på familiedag på biblioteket, og 20. april hadde klubben stand på Eiksenteret da det var arrangert Vårtreff.

To jenter maler med farger
Kunstneriske aktivitetar på biblioteket.

Prosjekt

Medlemmar i 4H gjennomfører kvart år eit prosjekt. Dette kan gjerast individuelt eller i lag med fleire. I år var det gjennomført fleire flotte individuelle prosjekt, mellom anna dyrestell, bygge olabil, lære om fuglar og å lage eiga lavalampe. Dei eldste jentene i klubben hadde som prosjekt å vere trivselsagentar og dokumentere det arbeidet. Attåt hadde heile klubben som felles prosjekt å stable og pakke ved i sekkar for salg og inntekt for klubben.

Plakater på veggene med diverse ting klistra på
Mange fine prosjekt dokumentert på plakatar.
Bilde av fire ungdommer so stabler ved i sekker
Alle mann i arbeid! Ikkje noko å seie på innsatsen.
Ungdommer foran stabler med vedsekker
Humøret på topp!

Volleyball

På første møtet i 24 vart medlemmane overraska med muligheta til å spele volleyball. Volleyball er ein tradisjonell 4H-aktivitet, og det er alltid turnering på fylkes- og landsleir. Ein fast gjeng i klubben har trena volleyball kvar veke, og fem stk. deltok på nattvolleyball i Nordmørshallen første helga i mars.

Ungdommer som spiller volleyball
Styret hadde planlagt volleyball som overrasking på første klubbmøtet, og det vart starten på eit godt volleyball-år.
Bilde av mange ungdommer i en hall
Null søvn og mykje artigheit i Straumsneset på nattvolleyball.
Ungdommer spiller volleyball på utendørs volleyballbane
Nokre spontane turar til sandvolleyballbanen på Kalkstranda vart det også, trass sur vind.

Leirar

I år var både fylkesleiren og landsleiren ganske langt unna, på Åheim og Voss, men Simone tok likevel turen til begge, og tilbragte mykje tid på Vestlandet denne sommaren. Klubben hadde sin årlege lokale leir i oktober, villmarkshelg på Vaulen. Det er alltid stor stas.

Ungdommer i fargerike klær sittende på plenen foran et tre
Vennskap på tvers av klubbar blir knytta!
To jenter med surfebrett på stranda
Simone og venninna Ingeborg frå Gjøra fekk prøvd seg på surfing i Hoddevika under fylkesleiren.
Gjengen frå Møre og Romsdal på landsleir på Voss.
Marshmallows-grilling på bålpanna på Vaulen.
Bilde av et eldre hus med torvtak
Markagarden Vaulen, ein flott plass å samlast til villmarkshelg.

Fylkesarrangement

Kvart år blir det arrangert "superhelg" i regi fylkeslaget, der kan styremedlemmar lære om dei ulike styreverva, eller delta på trivselsagentkurs. Dei tre eldste jentene har vore trivselsagentar i år, og var med på superhelga og to trivselsagentsamlingar. Elles blir det arrangert "storkurs" som er ei samling med aktivitet, kurs og kos. I august brukar det vere regionsamlingar. I år var det i Bøfjorden, arrangert av fylkeslaget i samarbeid med Røsslyngen 4H.

På storkurset vart det sjans til å prøve paintball!
Regionsamling i Mjøksand i Bøfjorden.
Båltenning i Bøfjorden. Spent å sjå om det går med tennstål?

Haustfest

19. oktober vart den årlege haustfesten arrangert på frivilligsentralen. Haustfesten markerer slutten på 4H-året. Det var fullt hus, loddsal, servering, framvising av prosjekt, leik og spel.

Mange fine premiar!
Mange møtte opp på haustfesten.

Sponsorar

Klubben vil takke Surnadal kommune og Svorka for økonomisk støtte.

Vi ønskjer oss fleire medlemmar, og ønskjer alle velkomne til å bli med oss. Ta gjerne kontakt med nokon du kjenner i klubben, leiar Simone eller klubbrådgjevar Unni om du er interessert. Følg oss gjerne på Instagram: varsog4h

Powered by Labrador CMS