Todalsfjordprosjektet

Rakaneset Todalsfjordprosjektet

Todalsfjordprosjektet inviterer til nytt møte i TFP Forum

Pressemelding fra Todalsfjordprosjektet

    Etter avklaringa av traséval i vår er Todalsfjordprosjektet endeleg i gang med reguleringsplanarbeidet av løysinga med ny veg/ bru/tunnel mellom Åsbøen og Ålvundfossen, via Svinvik. 30. november inviterer selskapet til nok eit Todalsfjordprosjektet (TFP) Forum, på Fossheim ved Ålvundfossen, for å oppdatere kommunane, næringsliv og andre om det pågåande arbeidet og dei vidare planane.

    – Tidene er utfordrande for mange, det gjeld òg for store samferdselsprosjekt som treng offentleg finansiering, men fylkeskommunen og kommunane si førsteprioritering av Todalsfjordprosjektet ligg fast, seier nyvalt styreleiar for Todalsfjordprosjektet, Tove-Lise Torve.

    – Midlar til reguleringsplanarbeidet er sett av i fylkeskommunedirektøren sitt forslag til ny økonomiplan, og vi går inn i reguleringsplanprosessen og arbeidet med finansiering av prosjektet med stor motivasjon og sunn optimisme, seier Trond Skogseth, dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS.

    Skogseth og Torve kan fortelje at TFP Forum er som ei referansegruppe for prosjektet og selskapet å rekne, der dei inviterer representantar for det ein ser som dei viktigaste interessentane for Todalsfjordprosjektet: leiinga frå fylkeskommunen og kommunane i området, næringsliv,transportnæringa, ungdomsråd og andre.

    – Her kan vi i selskapet få gi og formidle informasjon om prosjektet, samtidig som vi kan få viktige innspel og diskutere aktuelle problemstillingar. Vi har som mål å ha opptil to møte i forumet kvart år, og denne gongen, etter valet i haust, er det jo fleire nye personar i rollane vi inviterer, så vi ser litt ekstra fram til møtet.
    Ny fylkesordførar, Anders Riise (H), og ny leiar samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust (FrP), har allereie varsla at dei kjem, og det skal bli interessant å høyre kva dei tenkjer om framdrifta til Todalsfjordprosjektet, seier Torve og Skogseth.

    Dei legg til at dei denne gongen vil opne opp for at representantar for næringslivet i regionen kan delta på TFP Forum. Interesserte kan varsle si interesse til Skogseth med e-post til post@todalsfjordprosjektet.no.


Powered by Labrador CMS