Nærma seg 50-årsflom - no trekkjer vatnet seg tilbake
todalen.no melder:
Laurdag ettermiddag og kveld var det massivt regnvêr og dermed flaumstore elvar. Spesielt var det mykje flaumvatn på Kårvatn – frå Vassosvatnet og innover, der det gikk langt over «alle støvelskaft». I 22-tida blei det meldt at dei endeleg såg konturane av at elva var i ferd med å trekke seg sakte tilbake. Siste målingane vi har frå NVEs stasjon ved Storfossen er gjort kl 21.00 laurdag kveld, og dei fortel at det på dette tidspunktet passerte heile 120,96 m3/sek dette målepunktet.
Da snakker vi om at det mangeler berre 3,7 m3/sek før vi når den definerte grensa for 50-årsflaum ved Storfossen som er sett til 124,775 m3/sek. Ekstra stor vassføring er det nok på bakgrunn av at overløpet på Tovatna no går mot Todalen. Kor mykje dette utgjer veit vi ikkje, men det påvirkar nok vassføringa på Storfossen og dermed omfanget av flaumen ved Kårvatn.
Todalen.no legg ut tala for natt til søndag når det blir lagt ut av NVE ein gong i dag, men vi reknar med at dei går litt ned i løpet av natt til søndag.
Oppdatering søndag:
Oppdaterte tal frå målinganen på Storfossen i går kveld og i natt. I går kveld kl 21.45 var målinga på 122,382 og nådde dermed toppen. Sia gikk det nedover, og i dag kl 12:00 var vassforinga komen ned på 96,8 – og stadig vekk på veg nedover. Men det er framleis meldt regn ut over søndagen og faktisk det meste av måndagen. Så får vi sjå kor lang tid som trengs før systemet tømmes og vi er attende på normal vassføring.