Velkomen til balldag på Todalshytta, seier Kjell Arve Vikavoll som er kokk, Aldona Przespolewska som er servitør og Arve Evensen som er vert på Todalshytta.

Tjuvstartar med balldagar på Todalshytta

Publisert

Det er nok heilt uvanleg at Todalshytta er open på denne tida av året. Viktigaste årsak til det er nok to store varmepumper som er installert på Todalshytta det siste året. Det har gjort det mulig å utvide sesongen, og samarbeidet med Talgø har dermed opna for å utvide sesongen. Talgø brukar Todalshytta til overnatting og servering når dei har kundebeøsk eller interne aktivitetar som treng forpleining.

Da passer det også godt å utnytte kapasiteten med fleire aktivitetar – slik som å invitere sambygdingar og andre til balldag. Etter at kjøkkenet på Todalshytta vart opprusta til fjorårssesongen er kapasiteten vesentleg auka for slik servering.

Som ei prøveordning i første omgang blir det no arrangert balldag kvar tysdag, der Todalshytta tilbyr valfritt sildball eller potetball til spisegjestane.

– Dette har vi hatt stor suksess med, fortel Arve Evensen, som er vert på Todalshytta.

Med seg på dette arrangementet har han kokken Kjell Arve Vikavoll og servitør Aldona Przespolewska.

Kjell Arve fortel at det er omtrent 50/50 som vel sildball og potetball, men personleg held han ein knapp på sildball. Oppskrifta har han etter bestemora, som han meiner laga verdens beste sildball. Men no skal iallfall todalingane og andre som har lyst på ball får fritt val på tysdagane framover, og dersom det er ønske om det så leverer vi også ballen som takeaway, seier Kjell Arve Vikavoll.

Sildball er favoritten til Kjell Arve, men halvparten av gjestane er mest begeistra for potetball!
Powered by Labrador CMS