6 mennesker smiler mot kamera
Arrangementskomiteen

Todalsdagen – viktig dag for idrettslaget

Todalsdagen er ei av dei viktigaste inntektskjelde for Todalen Idrettslag, og ei inntektskjelde som gjer det mogleg for idrettslaget å investere i nytt utstyr og nye anlegg, til glede for sine medlemmar og andre som besøker bygda.

Publisert

Når Elinor Bolme, leiar i Todalen Idrettslag og dei mange andre frivillige inviterer til den 32. Todalsdagen laurdag 29. juni, får dei samstundes vist fram det nye og bortimot ferdige nærmiljøanlegget på Bordholmen stadion, eit anlegg som heilt sikkert ikkje hadde vore bygd utan dei økonomiske bidraga frå mellom anna Todalsdagen.

Frå Todalshelg til Todalsdag

Frå 1968 og fram til1992 arrangerte Todalen Idrettslag Todalshelga, frå fredag kveld til og med søndag. Da festivalbølga dabba av i starten på 90-talet, var det, som for mange andre festivalar, over og ut også for Todalshelga. I 1993 såg difor Todalsdagen dagens lys. Dei første åra var det grendafotballen som dominerte programmet, men frå år tusen skiftet er det barne- og ungdomsfotballen som har teke over.

3 menn fikser på et treningsaparat
Hett og Svett

Todalsdagen viktig for økonomien til idrettslaget

«Inntektene frå Todalsdagen utgjer mellom 10 og 15% av idrettslaget sine totale inntekter gjennom året», seier Elinor. «Utan desse inntektene måtte vi ha redusert aktiviteten, og da spesielt på anleggssida», legg ho til. Berre dei to siste månaden har idrettslaget investert godt over 600.000 kroner i utstyr og anlegg.

Det er kjøpt inn tre nye treningsapparat og nytt dørlåsesystem på treningsstudioet Hett & Svett, til rundt 125.000. I byrjinga av mai tok arbeidet med bygginga av det nye nærmiljøanlegget til. Totalkostnaden for dette anlegget ligg tett oppunder 500.000 kroner så langt, men sluttsummen vil nok passere 600.000, når lys og vatn er på plass.

To kvinner holder opp en sjekk fra Sparebank 1 Nordmøre
Elinor og Kathrine.

Gode støttespelarar

Idrettslaget er flinke til å søke om støtte frå næringslivet og det offentlege når dei skal gjere investeringar i utstyr og anlegg. For investeringane på Hett & Svett har dei totalt fått inn 40.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Talgø og SpareBank 1 SMN.

Til nærmiljøanlegget på Bordholmen får idrettslaget Tippemidlar til nærmiljøanlegg, og Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har støtta prosjektet med 75.000 kroner. «Likevel blir det ein betydelege sum vi sjølv må bidra med i eigenkapital», seier Elinor. «Vi må heller ikkje gløyme den store dugnadsinnsatsen som kvart år blir lagt ned av mange for å drive anlegga og for å skape aktivitetar i idrettslaget, dugnadsinnsatsen er heilt fenomenal og heilt klart den viktigaste faktoren uansett», legg ho til.

To kvinner og en mann står klare i posisjon for å løpe
Ræta opp!

Tradisjonelt program for Todalsdagen 2024

TodalsCupen i fotball er for aldersgruppa 6 – 11 år og Ræta opp! er tradisjonelle innslag på Todalsdagen, og slik blir det i år også. «I TodalsCupen spelar 6 og 7-åringane 3-er fotball, medan 8 – 11-åringane spelar 5-er fotball, og alle får premie», seier Elinor. Ho oppfordrar laga i desse aldersklassane til å melde seg på TodalsCupen, der påmeldingsfristen er søndag 23. juni!

Ræta opp! er eit løp på rundt tre kilometer, der inntekta frå startkontingenten i år går til nærmiljøanlegget på Bordholmen. Det same gjeld for MiniRæta også, som er eit løp for dei minste på rundt 400 meter. Så her kan ein kombinere fysisk fostring med økonomisk bidrag til ei god sak!

Elles består programmet av stort sommarlotteri med fine gevinstar, sal av grillmat og open kiosk.

«Eg ønsker, på vegne av Todalen Idrettslag og arrangementskomiteen, alle velkommen til Todalen og Bordholmen stadion laurdag 29. juni!», avsluttar Elinor.

Powered by Labrador CMS