Todalsdagen 2022
Ræta opp i pøsregn
Vi var fleire som var spente på korleis det skulle gå å springe ned beitet i Ræta opp i år, men både Håvard og Lisabeth kom seg heilskinna ned og vann kvar sin klasse.
I kvinneklassen kom Lisabeth Sæterbø inn på tida 14:04. Håvard Gjeldnes vann mannsklassen på tida 11:24. Rett etter Håvard kom Isak Drøpping inn på ei imponerande tid, 11:33.
Mor til Isak, Ingvild Kårvatn, som også er primus motor for Ræta opp, fortel at Isak byrja å trene på løping i fjor. Han spring mest fjelløp, så dette var eit litt uvant løp for 14-åringen.
Fotballcupen som óg blir arrangert på Todalsdagen, vart avlyst etter nokre kampar på grunn av det dårleg ver. Ungane fekk heldigvis med seg Miniræta før dei for heim og vermde seg.
Ræta opp fekk inn 7050 kroner i år. Alle pengane går til gatelaget i Kristiansund Ballklubb. Gatelaget er eit tilbod til rusavhengige i Kristiansund. Dei spelar fotball og har det kjekt saman.
– Eg er så fornøgd med oppmøtet, seier Ingvild Kårvatn. Eg blir rørt over kor mange som kjem og støttar opp sjølv om veret er som det er. Det har vorte som ein tradisjon for mange og komme på Ræta opp kvar sommar.
HER kan sjå heile resultatlista.