Somme tykte det var best å sitte inne i skuggen

17. mai-feiring i Todalen

Publisert Sist oppdatert

Vêrgudane hadde i år bestemt seg for å varte opp med skikkeleg finvêr til Nasjonaldagsfeiringa i Todalen. Så kontrastane til fjorårets feiring, da det både var vått og kaldt var store. I Todalen starta feiringa av Nasjonaldagen med det tradisjonelle biltoget rundt bygda og avslutta med gudsteneste i Todalen kyrkje med påfølgjande kyrkjekaffe. Mellom dette var det 17. mai-frukost og kaffe, kaker og is.

Feiringa av Nasjonaldagen foregikk altså som vanleg med biltog frå Matkroken Todalen og opp til gammelfabrikken og ned att på andre sida av bygda. Biltoget har eksistert sidan tidleg på 50-talet, og er såleis ein lang og populær tradisjon i Todalen.

Bilde frå biltoget i Todalen

Etter biltoget gjekk turen til Todalen ungdomshus, der Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag hadde invitert til 17. maifrukost. Her hadde arrangørane laga ein innhaldsrik og smakfull frukostbuffé med mykje god mat og drikke. 

Smakfull og variert frukostbuffé

Årets russekull var spesielt invitert og fekk gratis frukost, og nokre russ kom og åt frukost, sjølv om vi reknar med det vart seint før dei var i seng i natt? Det var bra med folk, sjølv om det er langhelg og mange difor har reist bort.

Mange valde å innta frukosten ute

Etter frukosten vart det servert kaffe marsipan- og romkaker, som sjølvsagt var pynta i raudt, kvitt og blått, medan ungane i tillegg til kake fekk is. 

Ingen 17. mai utan is!

Kaker pynta i Nasjonalfargene

Siste post på Nasjonaldagsfeiringa i Todalen var gudsteneste i Todalen kyrkje med påfølgjande kyrkjekaffe. Dette var vikarprest Torbjørn Brøske si siste ordinære preike i Todalen kyrkje. Som vanleg bra oppmøte med kyrkja også på Nasjonaldagen.

Bilde av prest i Kirke.
Torbjørn Brøske held si siste ordinære preike i Todalen kyrkje på 17. mai
Powered by Labrador CMS