TV-aksjonen 2024
Sprang for små heltar
TV-aksjonen 2024 går av stabelen på sundag, og elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter avslutta skuleveka med skuleløp for årets tema: Saman for små heltar.
Siste time fredag var skuleelevane på Evenshaugen klare for skuleløp der målet var å samle inn pengar til TV-aksjonen. I år går pengane til Barnekreftforeningen og deira arbeid for å etablere familiehus for barn med alvorleg sjukdom og deira familiar.
Skulen har hatt om temaet i undervisninga denne veka, og det har blitt oppretta ein Spleis der foreldre og andre kan bidra med ein valfri sum.
Det var laga ei rute der elevane skulle springe rundt fotballbanen i skulegarden, og lærarane held teljinga. Dei 67 elevane sprang til saman 944 rundar, mot fjorårets 904.
Med musikk og nydeleg vêr var elevane svært motiverte, og dei aller fleste sprang heilt til bussen kom og skuledagen var slutt. Etter ein godt fortent kopp med varm solbærsaft kunne dei ta helg med eit stort smil.