Todalen idrettslag støttar årets TV-aksjon

Publisert

Sian det heller ikkje under årets TV-aksjon "Saman for små helter" blir fysiske bøsseberarar i Surnadal kommune, har Todalen Idrettslag og leiar Elinor Bolme bestemt seg for å lage eiga digital bøsse via Spleis, og innsamlingsstand med kaffe og kaker i Toåa tursti.

– Vi riggar oss til i gapahuken ved Båthølen i Toåa tursti frå klokka 11:00 – 13:00 søndag 20. oktober, fortel Elinor. 

– Her sel vi kaffe og kaker, og det kostar minst 50 kroner. Men folk kan betale så mykje dei vil over dette, for pengane går uavkorta til Barnekreftforeningen og årets TV-aksjon "Sammen for små helter", legg ho til.

Todalen Idrettslag har laga ei eiga digital bøsse via spleis for årets TV-aksjon. Idrettslaget oppfordrar difor både todalingar og utom bygds til å ta turen til gapahuken ved Båthølen på søndag, og gjennom dette støtte TV-aksjonen 2024, samtidig som ein kanskje vil registrera seg i StikkUT-appen, eller idrettslaget sin Trimpoengapp?

Det er sjølvsagt mogleg å gje eit bidrag til årets TV-aksjon via idrettslaget si digitale bøsse https://spleis.no/389975 eller ved å skanne QR-koden nedanfor! 

– Det viktigaste er uansett å støtte ei god sak, seier Elinor.

Inntekta frå årets TV-aksjon gjer at Barnekreftforeningen kan realisere familiehusa ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Desse husa er viktige for at barn og unge som får kreftbehandling ved sjukehusa, under behandlinga bu saman med familiane sine medan dei får behandling.

– Todalen Idrettslag meiner årets mottakar av midlane frå TV-aksjonen gjer eit fenomenalt arbeid for barn og unge med kreftdiagnose, og at det difor er viktig å støtte deira arbeid økonomisk, avsluttar Elinor.

Ho og resten av arrangementskomiteen ønsker alle velkommen til gapahuken i Båthølen søndag 20. oktober klokka 11:00 – 13:00!

ANNONSE

 

Powered by Labrador CMS