Todalen historielag med nytt årsskrift
Søndag vart Todalen historielag sitt årsskrift for 2024 presentert under «boksleppet» til historielaget i Todalen ungdomshus. Årets årsskrift er det tjuetredje i rekka, og er i år på åttifire sider.
Skriftstyret for årets utgåve har vore leia av Dordi J. Halle, og ho har hatt med seg Sven Olav Svinvik, Sissel H. Storslett og Wenche Ø. Kvendset.
Også i år er det mykje interessant å lese i historielaget sitt årsskrift.
Det var i år hundre år sidan Alf Ramsøy vart fødd, og Dordi J. Halle har skrive ei lita oppsummering om idretts- og kulturmannen Alf. Det kan og nemnast at Alf sjølv var historisk interessert og medlem i historielaget frå det vart starta og fram til han døydde i 2014. Han var og styremedlem i «Halsenemnda», som no er ein del av historielaget, i mange år.
Ein kan og lese siste del av historia om Todalen Ungdomslag, eit lag som vart starta i 1891 og slått saman med Todalen Idrettslag i 2000.
Todalen Ungdomslag var i mange år med i den landsdekkande spørjekonkurransen «Kven veit?», og ungdomslaget vann faktisk landsfinalen i konkurransen fem gonger på rad på nittitalet, og kvalifiserte og deltok i to til.
I 1984 var det i regi av Nordmøre Ungdomslag tenåringsleir på Todalshytta i Todalen, og Tove Talgø som deltok på leiren har skrive ei lita skildring frå den gongen.
Bernt Bøe har i årets utgåve skive om «En sørgelig ulykke» som hende i Todalen i 1909.
Elles kan ein mellom anna lese om den siste bjørneskyttaren, film og teater i ungdomshuset, Nordvik sag, «varstemne», og ikkje minst om «Trollheimsveien». Dette ver ein veg som skulle gå mellom Kårvatn i Todalen og Storlidalen. Arbeidet vart starta midt på attenhundretalet, men prosjektet gjekk tomt for pengar og vart difor aldri realisert.
Årets årsskrift er interessant lesing, og er no å få kjøpt fleire plassar i kommun, og hos historielaget.