Russedåp
Strålande start på russetida
Fredagskvelden var det klart for russedåp for avganselevane ved Surnadal vidaregåande skule. Ei stor folkemengde var tilstades for å få med seg hendinga i det flotte vårvêret. Gjengen var fordelt på gruppene Gullbarbie, Milfshake, Rampelyset, Psycho Cirkus, Barsecco, Dritago, Looney Boobs, Disturbia og Search Crew, og stilte med åtte kreativt dekorerte bilar med høg lyd.
To av lærarame deira, Ståle Sæterbø og Torgeir Kvendset, hadde fått æra av å utføre dåpen. Ei oppgåve dei tok på ramme alvor. Torgeir hadde ikkje heilt klart å legge frå seg dagjobben, og kom med vurderingar og rettleiing til tekstene russen hadde skrive med forklaring på russenamna. Forklaringar som forøvrig vitna om sterke vennskap og mykje humor. Ståle kom med eit visdomsord frå eit russekort frå eiga russetid Når ølet går inn går vitet, og det blir plass til meir øl!, og han nytta med det mulegheita til å minne dei på å ta vare på kvarandre og ønskje dei ei fin russetid.
Den yngre garde var ivrige på å samle russekort, og russen delte villig ut.
Trollheimsporten vil og ønskje russen ei fin russetid!
Fleire bilde (bla for å sjå alle bilda):