En liten jente holder opp en julelenke i glanspapir med andre barn bak seg
Fargerik pyntelenkje og julekort - til mamma!

Julepynt og kakao

Tysdag var det livleg i Kyrkjestua i Åsskard! Ungar og vaksne hadde julepyntverksted og kveldskos.

Publisert

Femten ungar pluss foreldre og instruktørar klipte, lima og tegna. Av papir, garn, dorullar og anna enkelt materiale vaks det fram englar, nissar, korger, kort, papirlenkjer, små juletre og anna fint. Mykje å ta med heim som julepynt!

Barn og voksne sitter rundt en bord og holder på med juleverksted
Livleg produksjon med små og store i sving. Dei «store» er Gunhild Marie Täringskog (t.v.) og Eva Jorid Svendsen (ståande)

Åsskard sokneråd lanserte hobbykvelden for å bruke kyrkja til fleire barnetiltak enn før. I trusopplæringa inngår ein kyrkjekveld for 4-åringar og ein for 6-åringar. Sjøl om dette er gode tilbod, vil ein samle smårollingane oftare enn berre to gonger i løpet av oppveksten.

Barn og voksne rundt et bord med håndarbeid
Nissar og englar og meir til. Ved dette bordet instruerer Randi Bøe (t.v) og Gunnhild Vetleseter. Ei blid Kari Johanne Aarnes er snart klar med kveldsmaten.

I ei bygd med små barnegrupper er ideen å blande aldersklassane og dermed skape eit breiare fellesskap om både barnebøker, songar, leik og – som her – hobbyaktiviteter.

Eva Jorid Svendsen, Randi Bøe og Kari Aarnes er blant initiativtakarane. - Vi har pønska ut idear og samla dorullar i fleire veker! smiler dei. – Og så er det alltid moro å ha mat i lag på kveldar som dette. Ungane smør kakskivene, loffen og rundstykka sjøl. Med kakao attåt blir det festmåltid!

Åsskard kyrkje er i særstilling med tilbygget Kyrkjestua, eit ypperleg rom til mange slags treff - no også som hobbyverksted.

- Suksessen med denne kvelden freistar nok både oss og aktørane til gjentaking! seier dei som stod i spissen.

Barn sitter rundt et bord og spiser mat
Og så var det mat å få!



Powered by Labrador CMS