Hilde Andersen

Hilde Andersen er tilsett som rektor ved Surnadal vidaregåande skole

Hilde Andersen (44) har takka ja til stillinga som rektor ved Surnadal vidaregåande skole.

Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på si heimeside fredag.

- Eg er letta, audmjuk og glad for å ha fått jobben, og ser fram til å samarbeide med engasjerte og kompetente kollegaer ved Surnadal vidaregåande skole. Eg gler meg til å bli kjent med dei tilsette og ikkje minst elevane ved skolen, seier Andersen.

Hilde Andersen kjem frå stilling som skolefagleg rådgivar i Sunndal kommune og nestleiar og koordinator for Nettverk Nordmøre. Ho har tidlegare vore rektor, inspektør og lærar ved Sunndal ungdomsskole.

- For meg blir det viktig i starten å bli kjent med skolen og få oversikt over og innsyn i det gode arbeidet som eg veit blir gjort. Surnadal vgs er ein skole der elevane trivst, og dette skal vi fortsette å løfte fram. I tillegg blir det viktig for meg å bli betre kjent med lokalmiljøet og næringslivet spesielt. Vi skal halde fram med å utvikle skolen til ein viktig samfunnsaktør og med å utdanne til rett kompetanse som regionen treng. Å arbeide med dette saman som eit lag er viktig for meg, seier Andersen.

Hilde Andersen er i utgangspunktet lærarutdanna, og har mellom anna faga nordisk, geografi og IT i fagkretsen. Ho har også master i skoleleiing frå NTNU. Ho startar opp i stillinga i løpet av mars 2021.

Powered by Labrador CMS