Taekwondo:

Fire personer med stor pokal og en mann i dress med gult slips.
På bildet er Heidi i rød klubbjakke, saman med beste senior herre, Theo Loodtz, Ann Linnea Hole og Mathias Hauge Iversen, alle frå Bergen. Til høgre Master Vegard Iversen som leder region Vest.

Beste junior dame i Vest-Norsk mesterskap

Publisert Sist oppdatert

Heidi Fiske frå Surnadal NTN Taekwond-Do klubb vart beste junior dame i Vest-Norsk mesterskap i Bergen. Mesterskapet hadde samla svært mange av dei beste utøverne i landet i helga, så dette var ein sterk prestasjon og ein god generalprøve før NM. Heile 24 klubbar med 182 utøvarar deltok i helga.

Fiske vann sparring etter finaleseier mot Mathilde Børresen frå Bergen. I mønster vart det sølv, etter finale mot Lone Jenstad frå Røyken. To som kjenner kvarandre godt, da mor til Lone er Surnadaling og nærmeste nabo til Fiske.

Powered by Labrador CMS