3 kvinner er ute på tur i en skog med utsikt ned mot fjorden
Fra venstre: Birgit, Karina og Marit

– SV trengst for jordvern og norsk matproduksjon

Publisert Sist oppdatert

Tysdag 22. august hadde Surnadal SV hyggeleg besøk av Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant for SV frå Møre og Romsdal og Marit Aklestad, 1. kandidaten til Møre og Romsdal SV ved fylkestingsvalget.

3 kvinner står ved siden av hverandre foran et rødt bygg og smiler mot kameraet
Fra venstre: Birgit, Karina og Marit

Aklestad har stått på barrikadane for jordvernet i si eiga kommune, Ørsta. Aklestad som sjølv har vakse opp på mjølkebruk Hjørundfjorden, kjempar hardt for ein politikk som kan halde areala og matproduksjonen i hevd også på små og mellomstore bruk som er godt tilpassa geografi og miljø.

3 kvinner ser mot et fotografi som henger på en hvit vegg
F.v. Tove, Lina og Marit.

Saman med førstekandidat Karina Kalvik frå Surnadal SV var dei ovannemnde på besøk på Røv Mølle. Der vart dei hjarteleg tatt imot av Lina og Tove Mogstad som orienterte om Røv Mølle. Der fikk vi litt om historia til mølla som i dag drivast av ellevte generasjon møllarar! Den særdeles lokale cateringa, mor til Lina og Tove, trakterte med blant anna “græt å bakels” – terningkast 6! Vi diskuterte alt frå skattlegging av eigendom til matberedskap.

Deretter tok vi vegen til Norsk Kvalitetsmat. Her vart vi tatt imot av Ivar Næss (dagleg leiar) og Kristin Merete Fosseide Bjørnås. Ivar tok oss med på eit interessant foredrag, og artige historier, om bedrifta som far Rolf og son Ivar starta i 1997 og fram til det som i dag er Norsk kvalitetsmat AS.

4 kvinner og 1 mann sitter rundt et bord og spiser mat og ser på en skjerm med informasjon på

I dag produserer dei fiskematprodukt i fleire kategoriar og skaldyr til Norsk dagligvarehandel. Visjonar for framtida er bl.a. å auke forbruket av sjømat, Ivar refererte til kosthaldsråda og bærekraftmål.

Kjerstad med bakgrunn frå landbruket, og med oppvekst med ein far som fisker understreka at næringsmiddelindutrien i Norge er nest største verdiskaper i fastlands-Norge etter oljen, målt i både verdiskaping og sysselsetting, og at slike dedikerte verksemder som Norsk Kvalitetsmat og Røv mølle er viktige for både arbeidplasser og matsikkerheit på kort og lang sikt. Kjerstad understreka SV kjempar for reguleringar som sikrer rettferdig fordeling av verdiskapinga mellom råvareprodusent industri og handel, og sunn transparent konkurranse der det er plass til både små og store verksemder.

4 kvinner og 1 mann står foran en vegg og blir tatt bilde av
Fra venstre: Birgit, Karina, Marit, Ivar og Kristin.

Vi fekk servert ein kjempegod burger, - av fisk naturlegvis, med mykje godt tilbehør.

Ein stor takk til desse to bedriftene som tok så godt imot oss. Veldig lærerikt og triveleg!

Vi tok også ein tur til Kalkstranda på Glærum. Glærum SV’arane Karina og Inger Johanne viste fram den flotte stranda som kommunen driftar og dei tok også ei lita orientering om Glærum kalksteinsgruver.

Deretter tok vi turen til Svinvika for å gjere greie for Surnadal SV sine tankar om Todalsfjordsprosjektet. Vi gjekk eit stykke oppover turstien og «gammel-gammel-vegen».

Powered by Labrador CMS