Fullt rundt bordene inne i Frivilligsentralen
«Stinn brakke», kan ein seie. Ein god prat i godt lag er helsefremjande.

Glimt frå medlemsmøtet i Surnadal Pensjonistlag

Publisert

Det var fullt hus da pensjonistlaget inviterte til medlemsmøte, onsdag 20. nov. Vel 50 personar møtte opp til ei triveleg ettermiddagsstund på Frivilligsentralen. 

Tor Holten frå Todalen heldt eit svært interessant kåseri om sørsamane i Trollheimen, og om han Finn-Torkjell. Holten ga oss eit glimt inn i livet og tilhøva for sørsamane. Dei var uønska same kor dei slo seg ned. Dette er noko vi bør ha kjennskap til, men ikkje vere stolte av.

Eldre ektepar ved bordet i fin strikket kofte
Tor Holten og kona May Elisabeth ved kaffibordet.

Kan det vere interesse for eit pensjonistkor i Surnadal? 

Tor Rune Halset (kyrkjeverje) og Amund Valde (kantor) besøkte møtet for å orientere og lodde stemninga for eit slikt tiltak. 

Dame med kaker av typen sjakkruter i skål
Bitten Ranes, leiaren i laget, spanderte heimbakte sjakkruter; reine konfekten!
Powered by Labrador CMS