Ferien over for pensjonistane!
Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året. Det stemmer nok ikkje. No er det på han igjen! Onsdag var det medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag på Frivilligsentralen. Mange hadde funne vegen dit; til stor glede for oss som arrangerer.
Ramma kring det heile var som før; allsong, servering, utlodding og rom for samtale. Dataopplæring er eit heitt tema for oss som er pensjonistar. Mange kan mykje, nokon kan litt, og andre går mest ein omkrok for å sleppe å sjå på -, eller ta i ein pc. Dette har vi i pensjonistlaget tenkt å gjere noko med! Derfor var Ole Trygve Foseide invitert for å fortelje kva dei har gjort i Rindal. Der ligg dei nemleg langt framom oss. Helge Røv og Magnus Kristian Bævre orienterte forsamlinga om planene for dataopplæring her i Surnadal. Om ikkje altfor lenge skjer det ting på denne fronten!
Brynhild
Tjelle orienterte om kva for oppgåver helsekontaktane i laget skal ta seg av. I
tillegg til henne, er Eldrid Mahle og Lars Gudmund Røen med i denne gruppa. Det
er tanken at dei skal m.a. vere eit bindeledd mellom eldrerådet og
pensjonistlaget.
Det blir nytt medlemsmøte på september. Håper på godt oppmøte da også, både av medlemmar og potensielle medlemmar.