Annonse
Surnadal pensjonistlag
Artig å arrangere når så mange møter opp!
Onsdag 25. september var det igjen medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag. Knapt 50 hadde funne vegen til Frivilligsentralen. Arne Fiske frå ReMidt var invitert til å snakke om sortering av søppel. Det var tydelegvis eit interessant tema. Mange hadde aktuelle spørsmål som dei fekk svar på. Fiske kunne m.a. fortelje at det er 17 kommunar som hører inn under Re-Midt. Av dei ligg surndalingane på topp når det gjeld sortering! Allsong, utlodding, servering og den gode praten over kaffikoppen hører med; slik også denne gongen.