Annonse
Årsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal
Onsdag 29. januar hadde Pensjonistforbundet Surnadal årsmøte på Frivilligsentralen. Godt over 40 av medlemmane møtte opp. Ordinære årsmøtesaker stod på dagsorden, samt orientering om skifte av namn på laget til Pensjonistforbundet Surnadal.
Valkomitéen hadde gjort eit grundig forarbeid, så valet gjekk både fort og greitt.
Styret er samansett slik som i 2024: Bitten Ranes, Brage Einum, Wenche Ø. Kvendset, Ragnhild Vorum, Odd Asbjørn Bævre og Anne-Sissel U. Mogstad. Vararepresentantar: Jan Gausen, Brynhild Tjelle og Eva Jorid Svendsen.