Surnadal Pensjonistlag:

Dame med kaker av typen sjakkruter i skål
Bitten Ranes, leiar i pensjonistlaget.

Bitten oppmodar til å bli med på 50-årsjubileet

Surnadal Pensjonistlag markerer sine 50 år med festmiddag og god underhaldning. Leiar Bitten Ranes håpar at flest mogleg blir med og feirar den store dagen.

Publisert Sist oppdatert

Stor stas med jubileum!

Bitten Ranes flytta til Surnadal for 11 år sidan og har vore leiar i Surnadal Pensjonistlag det siste året. Ho er gift med Kristian Ranes, som også tidlegare har hatt rolla som leiar.

Pensjonistlaget feirar 50-årsjubileum i år, og onsdag 26. februar blir dette markert på Thon Hotel Surnadal. Bitten tykkjer det er stor stas at jubileet blir feira, og ho understrekar at sjølv om mykje skjer i Surnadal, er dette ei hending verdt å få med seg.

Gjestar og underhaldning

Fleire gjestar kjem for å halde tale under jubileet. Mellom anna kjem fylkesleiaren i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Anne Lise Hessen Følsvik, og fylkessekretæren, Aud-Berit Eidhammer. Leiarane for pensjonistlaga i Sunndal og Rindal, Endre Flatvad og Halvard Kjelås, vil også vere til stades.

Seinare blir det underhaldning med dei lokale revyheltane Gøran Bolme og Olav Mogstad. Dei har fått frie tøyler, og Bitten er spent på kva slags påfunn dei har på lur.

Ordførar Hugo Pedersen vil òg seie nokre ord, og Kristian Ranes har fått i oppdrag å forfatte eit skriv om historia til lokallaget gjennom desse 50 åra.

Etter talane og underhaldninga blir det tid til avslapning og sosialt samvær, før det blir servert treretters middag.

mann med gitar på scene
Gøran Bolme har fått frie tøyler når det kjem til underhaldninga!
Dresskledd herremann med ski på beina
Olav Mogstad skal saman med Gøran underhalde på jubileumsfeiringa.

Høgdepunkter frå tida som leiar 

Bitten trivst som leiar og fortel om eit godt og sosialt miljø i laget. Med sine 267 medlemmer er det vanlegvis rundt 50 som deltek på medlemsmøta. Ho har takka ja til gjenval og held fram som leiar også i år.

Frå tida si som leiar minnast Bitten spesielt trivselskvelden dei hadde i fjor vår. Då var dei samla på hotellet for deilig mat, god stemning og dans på Den Glade Laks med Trond Larsen Trio.

– Det var ei usedvanleg triveleg oppleving, heilt frå A til Å, seier Ranes. 

I sommar hadde dei også ein utflukt til Ørlandet, der dei overnatta på Hovde Gård. Bitten beskriv det som fenomenalt fint.

– Det er veldig bra det vi held på med i Surnadal Pensjonistlag, seier Bitten. Ho fortel at plana for resten av 2025 ennå ikkje er heilt spikra, men at det blant anna vil bli stavgang, fjellturar og innetrim. Så det blir bra med aktivitet.

Styret i Surnadal Pensjonistlag. Bak f.v. kasserar Wenche Kvendseth, sekretær Anne-Sissel Ulven Mogstad, styremedlem Ragnhild Vorum og 1. vara Jan Gausen. Fremst f.v.: leiar Bitten Ranes og nestleiar Brage Einum.

– Kom på jubileum!

Med det gode samhaldet i pensjonistlaget er det definitivt grunn til å feire 50 år. No håpar Bitten at fleire vil melde seg på. Sidan dei har fått mange gåver frå lokale bankar og firma i bygda, har dei klart å sikre ein svært god pris for å delta i feiringa, noko dei set stor pris på.

Annonse:

50-årsjubileum på Thon Hotel Surnadal

Onsdag 26. februar kl. 16.00

Egenandel kr. 200

Påmelding til Bitten tlf. 926 11826 eller Ragnhild tlf. 934 22 961

Frist for påmelding 31. januar.

Powered by Labrador CMS