Annonse
Triveleg medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag
Onsdag 17. april møtte ca. 60 blide pensjonistar til medlemsmøte i kantina på Surnadal Sjukeheim.
Det var god stemning frå første stund. På programmet stod allsong, diktlesing, orientering om dei forkjellige aktivitetane lager har å tilby, servering og utlodning. Trekkplasteret var nok Magne Løset frå Rindal som fortalde artige historier frå heimkommunen. Bitten Ranes leia det heile med stødig hand.
Ei triveleg ettermiddagsstund!