Amigos med sponsorløp
Søndag avrunda barnegruppa Amigos i Bøfjorden sesongen med hyggetreff og sponsorløp for ei hjertesak.
Gruppa støttar eit misjonsprosjekt i Bangladesh. Inntektene frå søndagens sponsorløp gjekk til dette formålet.
Treffet starta med filminnslag frå prosjektet – noko som fekk misjonsmarka så å seie inn i stua på Bøfjorden barnehage.
Dei tre 7-klassejentene Vår, Mathilde og Ingrid, som no trer ut av Amigos, fekk kvar sitt sølvkors til takk for deltaking i mange år.
Amigos er eit barnearbeid i regi av Normisjon. Lokalisert til bedehuset Betania i Bøfjorden driv gruppa med hobbykveldar, musikk, turar og andre aktiviteter. Leiar er Bodil Kvam Aasbø.
Heile 23 ungar deltok i løpet. Kvar sprang i eige tempo i 10 minutt. Til saman vart det nærare 300 rundar kring skuleanlegget ved barnehagen.
Foreldre, slektningar og andre sponsa kvar sine deltakarar med ein viss pengesats for kvar runde. Sluttsummen er enno ikkje opprekna, men kjem på fleire tusen kroner.
Etter løpet selde dei kaffe og kaker - også for same formålet. Mange kjøpte og kosa seg i det fine vårveret.
Fortente heiarop til ungane - og ikkje minst til den drivande leiaren, Bodil Kvam Aasbø!