Surnadal MDG

Landbruk og samfunn i framtid, kvar er vi på veg?

MDG ønskjer alle i distriktet velkomne til ein viktig og interessant debatt om landbruk i framtida. Kvar er vi på veg? #bondeopprøret21 har vist oss at det trengs endring, MDG er villige til å betale meir for det arbeidet bonden gjer, og ville i sitt alternative landbruksoppgjør gje nesten 3 gonger meir enn regjeringa. Høg sjølvforsyning med god og trygg matproduksjon der vi greier å ta vare på bonden, dyra, naturen og jorda er viktig i framtidas landbruk. Korleis kjem vi oss dit? Har det blitt slik at ein som bonde er avhengig av at naboen legg ned for å overleve sjølv? Bli med og diskuter, og få med deg bokbad med kronikkforfattar i Nationen og forfattar Kari Gåsvatn, av Svein Sæter. Det vil også bli innlegg av fylkesleiarane i Norges Bondelag Konrad Kongshaug og Norges bonde- og småbrukarlag Stein Brubæk.


Vel møtt 8. august kl 1700!


Om du ønskjer å vite meir om MDG sitt alternative jordbruksoppgjør kan du finne det her.

Powered by Labrador CMS