ANNONSE:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Søk på midler for inkludering av barn og unge

Tilskudd til inkludering av barn og unge 2025 

Tilskotsordninga “Tilskot til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2025. De finn informasjon på Bufdirs nettsider. 

Mål og målgruppe 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha muligheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. 

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å hamne i utanforskap. 

Kven kan søke: 

 Offentlige instansar 

 Frivillige organisasjonar 

 Private aktørar 

Frist for å søke: 1. november 2024

Lilli Husby i Surnadal kommune skriver:

Tidlegare i år hadde vi i Surnadal eit møte med frivillige lag og organisasjonar, politikarar, kommuneleiinga og andre interesserte. Spørsmålet vi tok opp er korleis skal vi greie å inkludere alle barn og unge som er interessert i å delta i fritidsaktivitetar. 

Denne ordninga vil hjelpe oss å få til dette på ein god måte, eg oppmodar alle som retter sin aktivitet mot barn og unge og som har tiltak som fell inn under ordninga, om å søkje. 

Lukke til med arbeidet, ta gjerne kontakt.

 Lilli Husby på e-post: lilli.husby@surnadal.kommune.no

Powered by Labrador CMS