Surnadal kommune melder:
Ny kommuneoverlege i Surnadal
Kirsten Vikan Opdahl skal jobbe i 50% stilling som vår kommuneoverlege.
Surnadal kommune har inngått samarbeid med Rennebu kommune om stilling som kommuneoverlege. Vår nye kommuneoverlege er Kristen Vikan Opdahl. Frå 1. november jobbar Opdahl i 50% stilling som kommuneoverlege i Surnadal kommune.
Opdahl er spesialist i allmennmedisin og er godt i gang med spesialisering i samfunnsmedisin.
Kirsten Vikan Opdahl er busett i Oppdal. Ho har sidan 2023 vore kommuneoverlege i Rennebu, der ho fram til no også har jobba som fastlege. Kirsten Vikan Opdahl har tidlegare erfaring som kommuneoverlege i 100% stilling i Oppdal kommune.
Opdahl seier ho ser fram til å komme til Surnadal, og har sin første fysiske arbeidsdag i kommunen i dag, måndag 4. november.
Vi ønsker vår nye kommuneoverlege velkommen!
Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.