Surnadal kommune melder:
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2036 - høyring
Surnadal kommunestyre vedtok i sitt møte 19.06.24 å legge forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2036 ut på høyring og offentleg ettersyn.
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og består av to delar. Samfunnsdelen gir retning for den langsiktige utviklinga av Surnadals-samfunnet (12 år), både kommunen som organisasjon og for samfunnet som heilheit. Planen viser også satsingsområda som skal ha spesiell prioritet i valperioden. Arealdelen er styrande for korleis areala i kommunen skal brukast.
Surnadal kommune sin gjeldande samfunnsdel vart vedteke i 2020. Kommunal planstrategi 2024-2027 og planprogram for samfunnsdelen 2024-2036 vart vedteke av kommunestyret 14.02.24.
FN har vedteke 17 utviklingsmål for å fremme sosial, miljømessig og økonomisk berekraft på verdsbasis. Samfunnsdelens satsingsområde har ei tydeleg forankring i FNs berekraftmål og dei tre dimensjonane sosial, klima- og miljømessig og økonomisk berekraft. Dette skal sikre ei god utvikling til beste for den enkelte, for samfunnet og for kommande generasjonar på ein slik måte at utviklinga imøtekjem dagens behov utan å øydelegge for framtidige generasjonar.
Frist for innspel er sett til 21.08.24 og kan sendast post@surnadal.kommune.no.
Les høyringsdokumenta på Surnadal kommune si nettside.