Annonse
Surnadal kommune
Kommuneoverlegen melder om kikhoste i Surnadal
Det er mykje kikhoste i Midt-Norge for tida.
- Som forventa er det no også oppdaga kikhoste i Surnadal kommune, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
Dette melder Surnadal kommune på sine heimesider mandag.
Kikhoste er svært smittsamt og er spesielt alvorleg for spedbarn, som kan bli alvorleg sjuke.
God vaksinasjonsdekning i befolkninga begrensar smittespreiing, men verken vaksinasjon eller gjennomgått sjukdom gir varig beskyttelse. Difor kan vi av og til få ei oppblomstring av kikhostebakterien, slik vi har i Midt-Norge no.