Annonse
Surnadal kommune melder:

Høyring - Revidering av retningslinjer for motorferdsel
Surnadal kommune sender retningslinjer for motorferdsel i utmark på høyring.
I høyringsforslaget er det føreslått tre endringar i forhold til tidlegare retningslinjer:
- Antal turar for å transportere bagasje til hytta er auka frå 12 til 15 tur-retur.
- Løyver gitt i samsvar med motorferdselsforskrifta § 5 er gyldige i fem år i staden for fram til neste revidering av retningslinjene. Dette har tilbakeverkande kraft.
- Retningslinjene er gyldige i fem sesongar i staden for fire.
Vi ber om innspel innan 04.04.2025. Innspela må vere skriftlege og sendast til kommunen på e-post (post@surnadal.kommune.no) eller per post (Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).
Høyringdokument kan lastas ned her.