Annonse

Høyring av klimabudsjett for Surnadal kommune
Surnadal kommune sender ut klimabudsjett på høyring. Klimabudsjettet set mål for utslepp fram til 2035.
Måla er oppdelte i tre delar og strekkjer seg frå 2022 til 2035. Hovudutval for tenesteutvikling gjorde eit vedtak 05.02.2025 om at ein i høyringa skal føreslå følgjande mål:
- Utslepp frå all verksemd innanfor kommunegrensene: Same mål som dei nasjonale måla fram til 2035, korrigert for potensial i ulike sektorar.
- Utslepp frå fjernvarme, reiser og drivstoff i kommunen si verksemd: 60 % reduksjon.
- Straumforbruk: 40 % reduksjon i forbruket og straumen skal vere fornybar.
- Det er føreslått at nedgangen skal vere lineær.
- Utslepp frå innkjøp vert haldne utanfor måla på grunn av at dette er vanskeleg og ressurskrevjande å berekne. For å likevel gjere ein skilnad innan dette området, vedtok HTU at klima og miljø skal vektleggast 30 % i alle innkjøp, noko som òg er lovfesta.
Vi ber om innspel innan 31.03.2025. Innspelet må vere skriftleg og sendast til kommunen på e-post (post@surnadal.kommune.no) eller post (Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).
Du finn høyringsdokumentet her.