Surnadal kommune melder:

Årsrekneskapen for 2024 viser stort negativt netto driftsresultat
Årsrekneskapen for Surnadal kommune for 2024 er avlagt per 24. februar 2025.
Driftsrekneskapen viser eit samla meirforbruk på 35 millionar kr. Dette er heile 37 millionar kr svakare enn opprinneleg budsjett for året.
Det er meirforbruk på dei aller fleste einingar, men det er også gledeleg å sjå at fleire einingar og har klart å drifte einingane innafor vedteke budsjett. Årsakene til meirforbruk i aktuelle einingar er svært samansette, noko er relatert til behov for kjøp av eksterne vikarar og vikarlegar for å sikre eit godt tilbod til innbyggarane i kommunen.
Kommunedirektøren vil bruke tida fram til det ekstra utvida formannskapsmøtet, som er beramma til den 11. mars, for å analysere og beskrive meirforbruket meir detaljert enn det tala i den offentlege årsrekneskapen viser.
Kommunens frie inntekter frå bl.a. skatt og rammetilskot, finansinntekter og – utgifter endte samla sett litt lågare enn budsjettert. Meirforbruket i einingane er om lag 40 millionar kroner høgare enn budsjettert. Vi har altså eit alt for høgt drifts-/utgiftsnivå i forhold til inntektene våre.
Våre oppsparte midlar er no brukt for å dekke delar av meirforbruket. Da står vi att med eit udekka meirforbruk på kr 17,8 millionar kr.
Kommunedirektøren arbeider med å gjennomføre tiltaka som er vedteke i kommunestyret 19. desember 2024. Samtidig meiner kommunedirektøren at vi må sjå på kva moglegheiter vi har for å gjennomføre ein del av tiltaka raskare enn planlagt, og sjå på moglegheitene vi har for å gjennomføre enda fleire tiltak for å greie å halde budsjettbalansen i 2025, og i åra framover, og samtidig dekke inn det udekka meirforbruket som vi no har med oss frå 2024.
Årsrekneskapen er lagt ut på Surnadal kommune si heimeside.