Mekling om Vollan bustadfelt førte ikkje fram

Bilde av kommunehuset i Surnadal med blå himmel bak

Argumenterte med svært stor samfunnsnytte, men vart ikkje einige med Statsforvaltaren

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statsforvaltaren står fast ved sine motsegn mot regulering av bustadfeltet etter mekling med Surnadal kommune torsdag denne veka. Dette skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Surnadal kommune vil lage 12 bustadtomter, og med det bygge ned 13,5 dekar fulldyrka jord. NVE og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har innvendingar til planforslaget. NVE har motsegn mot manglande avklaring av tryggleik mot områdeskred av kvikkleire. Statsforvaltaren har motsegn grunna jordvern, nedbygging og oppdeling av ei større dyrka mark.

Meklinga førte ikkje fram

Statsforvaltar Else-May Botten leia meklinga mellom Surnadal kommune, NVE og Statsforvaltaren torsdag.

Ordførar Hugo Pedersen viste til at utvikling av Vollan bustadfelt er ei svært viktig sak for Surnadal kommune, som del av ei langsiktig og berekraftig sentrumsnær bustadutvikling. Dei har jobba med planforslaget i lang tid. 

NVE og Statsforvaltaren heldt fast på sine innvendingar. I meklingsmøtet forsøkte dei tre partane å komme til einigheit i saka, men det førte ikkje fram.

Kommunen ønsker ei avklaring av motsegn knytt til jordvern før dei gjennomfører geotekniske undersøkingar i planområdet. Ved eventuell utbygging vil motsegna frå NVE bli tatt til følgje. 

– Vi treng boligtomter og utvikling

I etterkant av torsdagens møte sier ordførar Hugo Pedersen til Trollheimsporten at det eigentleg ikkje vart ei reell mekling, da partane stod for langt frå kvarandre.

– Vi møtte godt forberedt, hadde eit håp om å nå fram med vår argumentasjon, seier ordføraren, og held fram:

To menn og ei kvinne som står og smiler mot kamera
Ordførar Hugo Pedersen sier at prosjektet Vollan bustadfelt har stor samfunnsnytte, og at kommunen vil fortsette å argumentere for dette.

 – Administrasjonen, med Håvard Stensønes, la fram ein svært god presentasjon. Vi argumenterte med den svært store samfunnsnytten prosjektet har. Vi treng boligtomter og utvikling.

Hugo Pedersen understrekar at Vollan er eit svært attraktivt område, med gangavstand til sentrum, nær skule og idrettsanlegg og friluftsmoglegheiter. Så klima og miljøaspektet er ivaretatt på ei god måte.

– Surnadal er ei stor landbruksbygd, med stor matproduksjon, kor vi er svært strenge på omdisponering av matjord, og vi har ei betydeleg nydyrking. Argumentasjonen vår er eigentleg slik nasjonale myndigheiter ønsker. Vi møtte ein viss forståing, men jordvernet og signaler frå sentrale myndigheiter om det stod sterkare.

Vidare framdrift

Sidan partane ikkje vart einige i møtet, skal kommunestyret i Surnadal behandle saka 26. september. Deretter vil kommunen sende saka over til Statsforvaltaren, som igjen vil sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Departementet kjem til å ha ei befaring, og da vil kommunen legge fram sin argumentasjon på nytt, sier ordføraren. Det kan ta 3-12 månader før saka er avgjort.

Powered by Labrador CMS