ANNONSE - SURNADAL KOMMUNE MELDER:
Informasjon om influensavaksinering og pneumokokkvaksinering
Årets influensasesong er venta å bli noko verre enn normalt på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka under covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den. Pneumokokkvaksinen er anbefalt kvart 5. år. Sjå kven som er anbefalt vaksiner under.
Slik bestiller du vaksinering
Før du kan møte opp til massevaksineringa på Surnadal kulturhus må du bestille deg time.
- Du kan bestille deg time ved å gå inn på c.19.no/influensa og velje Influensavaksinering
- Du kan ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom kl. 09.00- 15.00.
Tid og stad for vaksinering
Det blir vaksinering på Surnadal kulturhus desse dagane:
- måndag 31. oktober
- tysdag 1. november
Prisar
I år må du betale for vaksiner: (vaksne)
- kr. 265 for influensavaksine
- kr. 450 for pneumokokkvaksine
- kr. 600 for begge vaksiner samtidig
Betaling kun med kort og vipps ved oppmøte.
Les meir om influensavaksine og pneumokokkvaksine på Surnadal kommune si heimeside
Dei som er i risikogruppe og er anbefalt enten dose 4 eller dose 5 med koronavaksine kan ringe vaksinetelefonen og få time til oppfriskingsdose seinast ei veke før influensavaksinering. Dette dersom dei ønskjer vaksinering med fleire vaksiner.