ANNONSE:
Influensavaksinering i Surnadal 2022
Årets influensavaksinering vil gå føre seg ved Surnadal kulturhus den 31.10.22 og 01.11.22.
Du kan bestille deg time ved å gå inn på www.c19.no, Influensavaksinering.
Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg - eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende epost til: vaksine@surnadal.kommune.no eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom kl. 09.00- 15.00.
Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene desse dagane. Dette gjeld alle over 65 år og andre i eigne risikogrupper. Andre kan bli vaksinerte via fastlegen sin eller på apoteket.
Frå september 2022 er det nye anbefalingar i forhold til pneumokokkvaksine. Den er anbefalt for alle over 65 år og den varer no i 5 år i staden for 10 år. Dersom du er usikker på når du fekk denne sist, må du gå inn på helsenorge.no og sjå under Mine vaksiner.
For meir informasjon om vaksiner og risikogrupper, gå inn på Surnadal kommune si heimeside, www.surnadal.kommune.no
Prisar: Influensavaksina 265 kr. Pneumokokkvaksine (begrensa antal) kr. 450 kr.
Hvis ein ønsker begge er prisen 600 kr totalt. Betaling kun med kort og vipps! For at vaksineringa skal bli gjennomført lettast muleg, er det ønskjeleg med t-skjorte eller anna tilpassa bekledning på overkroppen. Det er ikkje lenger krav om munnbind. Ingen som er sjuke skal møte opp. Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din. Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei.
Eining for Helse og familie.