Surnadal kommune:

Tre unge damer og en ung mann, alle i helseuniformer, som sitter på ei seng inne på et sykehusrom.

Har du lyst til å utdanne deg til sjukepleiar der du bur?

Sjå for deg ei studietid som er tilpassa deg og ditt liv, med digital undervisning, kort veg til fysiske samlingar og tilgang til eit studiesenter. Med på kjøpet får du ei av landets mest ettertrakta utdanningar der du er garantert ein spennande og meiningsfull jobb.

Velkommen til desentralisert sjukepleiarutdanning i Orkland hausten 2025!

I regi av Studiesenteret i Trøndelag Sørvest, lakseregionen (TSL), blir det no etablert sjukepleiarutdanning i Orkland, i samarbeid med Nord universitet. Studiet går over fire år. 

– Studiet består av digitale forelesningar og fysiske samlingar med simulering og ferdigheitstrening ved Orkdal sjukehus og Orkland videregående skole, avdeling Follo. Mellom samlingane studerer du på eiga hand etter oppsette arbeidskrav, seier Morten Slupphaug fra TSL.

– Studiet har same kvalitet- og vurderingskrav som det 3-årige ordinære sjukepleiarstudiet, men sett kanskje enda større krav til sjølvdisiplin og planlegging, da dette går over fire år og kan kombinerast med andre gjeremål som jobb og familie, seier han.

Tilgang til studiesenter og bibliotek

Som student får du tilgang til studiesenteret på Orkanger når det passar deg. Her kan du møte andre studentar, invitere til kollokviegrupper eller lese til eksamen. 

– Vi har også ein samarbeidsavtale med biblioteka i vår region som vil støtte våre studentar, opplyser Slupphaug. 

Opptakskriterie

Alle med generell studiekompetanse kan søke om plass. Tidlegare karakterkrav i matematikk og norsk er tatt bort. 

Du kan også søke utan generell studiekompetanse, så lenge du kan dokumentere nødvendig og relevant kompetanse gjennom erfaring i eksempelvis jobb, skole eller fritid. Dette kallast realkompetanse. 

Søknadsprosess og finansiering

Du søker studieplass til desentralisert sjukepleiarutdanning gjennom Samordna opptak. Det er to viktige fristar å merke seg: 

  • 1. mars for søknadar basert på realkompetanse, og 
  • 15. april for dei med generell studiekompetanse.

– Du kan søke om støtte frå Lånekassen på lik linje med andre studie, understrekar Slupphaug.

Les meir på Surnadal kommune si heimeside

Surnadal kommune sitt kommunevåpen
Powered by Labrador CMS