Surnadal kommune:
Har du lyst til å utdanne deg til barnehagelærar der du bur?
Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning (DMMH) tilbyr desentralisert barnehagelærarutdanning i samarbeid med Oppvekstnettverk Nordmøre med digitale forelesningar og samlingar på Campus Kristiansund og i samarbeid med Studiesenteret i Trøndelag Sørvest Lakseregionen med samlingar i Trondheim 1. året og på Orkanger 2., 3. og 4. år.
Forestill deg ei studietid som er tilpassa deg og ditt liv, med digital undervisning, kort veg til fysiske samlingar og tilgang til eit studiesenter. Med på kjøpet får du ein høgt etterspurt kompetanse der du er garantert ein givande og variert jobb!
Utdanninga kan kombinerast med andre gjeremål som jobb og familie.
Opptakskriterie
Alle med generell studiekompetanse kan søke om plass. Du kan også søke utan generell studiekompetanse, dersom du fyller 25 år eller meir det året du søker om opptak. Dette kallast realkompetanse.
Søknadsprosess og finansiering
Du søker studieplass til desentralisert barnehagelærarutdanning gjennom Samordna opptak. Det er to viktige fristar å merke seg:
- 1. mars for søknadar basert på realkompetanse, og
- 15. april for dei med generell studiekompetanse.
Du kan søke om støtte frå Lånekassen på lik linje med andre studie.