Annonse
Surnadal kommune melder:
Resultat frå lokal VIPPS-aksjon og loddtrekking under TV-aksjonen
Seks personar vann flotte premiar gitt av Aune Sand.
Opptelling av lokal vipps-aksjon med to lokale vippsnummer viser at det kom inn kr 73. 437. Tusen takk til alle som vippsa!
Pengane blir no overførte til TV-aksjonen for Barnekreftforeningen, og kjem i tillegg til summen som har stått på giverstafett.no frå innbyggarane i Surnadal kommune.
Vinnarar av lotterigåver frå Aune Sand
Politiet var tilstades i lag med oss under trekkinga mellom alle som har vippsa til dei to lokale vippsnummera.
Vinnarane blir kontakta.
- Serveringsbolle i porselen: Ingeborg Berset, Surnadal
- Serveringsbolle i porselen: Mary Ann Follnes Fiske, Surnadal
- Serveringsfat i porselen: Svein Tjelle, Surnadal
- Serveringsfat i porselen: Jorunn Fiske, Surnadal
- Bilde av Marianne Aulie: Bjørn Stortiset, Surnadal
- Bilde av Vebjørn Sand: Sissel Blekken Sæter, Surnadal
Tusen takk for alle bidrag til Barnekreftforeningen!
Sjå også Surnadal kommune sine heimesider