Surnadal kommune melder:
Digital innsamling til årets TV-aksjon i Surnadal
Surnadal kommune håpar på god oppslutning om TV-aksjonen, og oppfordrar skulane i kommunen til å gjere som Surnadal barne- og ungdomsskule og starte eigen Spleis til dette føremålet.
I år som i fjor blir det digital innsamling til TV-aksjonen i Surnadal. Vi har erfart at dette er ei god og fleksibel innsamlingsløysing, da det er mange som heller brukar aksjons-søndagen til noko anna enn å vente på ein bøsseberar for TV-aksjonen.
Vi har mange frivillige hender og føtter som heile året står på for gode formål i kommunen og som legg ned ein stor innsats for andre. Kommunen ønskjer å legge til rette for at den årlege TV-aksjonen kan nyte godt av solidariteten til bygdefolket, men altså i form av digital innsamling.
Slik kan du gi
- Klikk på Spleisen under for å gi via digital innbyggarbøsse for Surnadal. Pengane går uavkorta rett inn på TV-aksjonen sin konto.
- Støtt Spleisen til Surnadal barne- og ungdomsskule for TV-aksjonen - den har snart samla inn 5 000 kroner!
- Opprett eiga digital bøsse (Spleis) for TV-aksjonen her
- Start en Spleis for skular eller ein vanleg Spleis for barnehagar
- Gi eit bidrag på blimed.no
- Vipps til 2133
- Sett inn ditt bidrag på innsamlingskonto: 8380 08 09005
Surnadal kommune støttar årets TV-aksjon med kr. 10.000.
Dette går pengane til
Kvart tredje sekund blir ei jente i verda gift medan ho er eit barn. Årets TV-aksjon går til organisasjonen Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Målet er å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landea der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.
Plan skal jobbe for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenters rettigheiter og i likestilling, og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vere barn, ikkje brud.Vil du lese meir om dei konkrete tiltaka pengane skal gå til? Les utvida versjon her.