Surnadal kommune melder:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Innstilt skuleskyss og stengde skular onsdag 31. januar

Kommuneleiinga har i kveld informert heimane om følgande:

Innstilt skuleskyss og stengde skular 31. januar

Onsdag 31. januar treff ekstremvêret "Ingunn" ytre strøk av Møre og Romsdal. Det er venta lokalt ekstreme vindkast på 35-50 m/s frå sør seinare sørvest, og orkan på kysten.

Statsforvaltaren har hatt møte med alle kommunar og fylkesberedskapsrådet tysdag ettermiddag, 30. januar. 

Fylkeskommunen i har beslutta å stenge vidaregåande skular i heile fylket og Vy Møre har innstilt skuleskyssen, onsdag 31. januar.

Dette betyr at alle grunnskulane frå 1. - 10. trinn i Surnadal kommune blir stengde i morgon, onsdag 31. januar.

Tilsynsordning for 1. - 4. trinn

For elevar på 1. - 4. trinn som kan få privat skyss til skulen, blir det gitt eit tilsynstilbod i opningstida ved deira SFO og skule.

Barnehagane

Barnehagane er opne som vanleg inntil vidare. Vi ber likevel om at dei som kan halde barna heime i morgon, gjer det. Dette fordi vi kan få ein krevande bemanningssituasjon som følge av stengde skular.

Ny vurdering for 1. februar

I løpet av onsdag blir det gjort ei ny vurdering av situasjonen som gjeld for torsdag 1. februar. Ny informasjon blir gitt i løpet av onsdag. 

Sist endret 30.01.2024 20:33

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside. Følg med på oppdateringar!

Powered by Labrador CMS