Surnadal kommune melder:

Sjukeheimen i Surnadal

Besøksrutiner ved sjukeheimen i påska

Sjølv om både pasientar og helsepersonell i stor grad er vaksinerte, så må vi fortsette å etterleva nasjonale påbud og anbefalingar.

I tråd med dei nye nasjonale tiltaka som regjeringa iverksette for å få ned smitten i landet, vil følgjande rutiner gjelde for besøkande i perioden 25.3- 12.4 ved Surnadal sjukeheim:

Oppmoding

Vi oppmodar til at besøkande heimehørande i landsdelar med høgt smittetrykk, og besøkande frå lokalsamfunnet som nyleg har gjennomført reise frå, eller har/ har hatt nyleg besøk frå stader med høgt smittetrykk, om å samarbeide om følgjande tiltak:

· Det oppmodast sterkt til å utsetje besøk som ikkje er strengt nødvendige.

· Dersom vi etter særskilte vurderingar tillet besøk, må besøket ha fersk negativ koronatest og avvente besøk til 3 dagar etter dei har kome til Surnadal. Samstundes må det nyttast 2 munnbind under besøket.

· Er bebuaren alvorleg/ akutt sjuk gjeld unntak som tidlegare; aktiv bruk av smittevernutstyr blir gjeldande.

Generelt for alle besøk elles gjeld følgjande:

· Besøk skal avtalast på førehand. Besøksprotokoll blir ført.

Dørene blir stengde i denne perioden.

· Ikkje kom på besøk om du ikkje føler deg heilt frisk.

· Bruk gjerne munnbind.

· Besøk foregår i hovudsak på rommet til bebuaren. Alternativt kan foajéen og Kafé Heimen nyttast dersom tilsette har høve til å følgje opp smittevernet aktuell vakt.

· Alle må halde 2 m avstand. Max 2 besøkande om gongen.

· Sjølv om tilsette sørger for reinhald/ desinfisering, oppmodar vi også besøkande om å desinfisere berørte overflater under/ etter besøket.

· Vi legg til rette for videosamtalar ved ønskje om det.

Då håpar vi innsatsen i denne perioden gjer at vi utover våren kan byrja å ta tilbake ein normal kvardag. Vi er takksame for samarbeidet de viser!

Med beste helsing

alle oss på Surnadal sjukeheim

Powered by Labrador CMS