Raud knapp markerer nulltoleranse for vald mot kvinner
Dei fleste surnadalingar har sikkert tidlegare observert ein stor raud knapp på kommunehusveggen i november/desember. Knappen kom opp i år og. Rødknapp-kampanjen er ein internasjonal kampanje som blir arrangert kvart år frå 25. november til menneskerettighetsdagen 10. desember. Målet er å forebygge og eliminere vold mot kvinner og jenter.
25. november er FNs internasjonale dag for avskaffelse av vald mot kvinner, (Orange Day), og denne dagen markerer starten på 16-dagars kampanjen, skriv Surnadal sanitetsforening i ei pressemelding. I år markerer Rødknapp-alliansen 10 år som ein allianse av organisasjonar som jobbar mot vald, overgrep og krenkingar i samfunnet. Norske kvinners sanitetsforening er ein del av alliansen.
Ordførar Hugo Pedersen støttar kampanjen ved å bere ein raud knapp på jakken.
– Det skal vere nulltoleranse for vold mot kvinner, så temaet er aktuelt heile tida. Markering med rød knapp er ei god synleggjering. Det er flott at sanitetskvinnene markerer saka, seier ordføraren.
Elinor Bolme, som er leiar i Surnadal sanitetsforening, er glad for at kommunen er med i arbeidet med å synleggjere og forebygge det viktige arbeidet med nulltoleranse med vold mot kvinner.
– Vi les jamleg saker i media der vald i nære relasjonar er eit faktum. Men menneskehandel, auka vold under Covid19, kjønnsbasert vald under krig og konflikt samt kjønnslemlestelse av jenter og kvinner er områder det er viktig å sette fokus på for å redusere dei dystre tala, både nasjonalt og internasjonalt, seier ho.
Tidligere i år kom en ventet rapport fra NKVTS med dystre tall om omfanget av vold og overgrep i Norge.
Rapporten viser blant anna at:
- Vald i nære relasjonar og alvorlege seksuelle overgrep ser ut til å auke.
- 1 av 20 oppga å ha blitt utsatt for digitale seksuelle krenkingar.
- Dei fleste som er utsatt for digitale seksuelle krenkingar, opplevde dette for første gong før fylte 18 år.
- 1 av 5 kvinner var utsett for valdtekt ved makt eller tvang, sovevaldtekt eller begge (tilsvarande 3 % for menn).