ANNONSE - Surnadal kulturhus melder:
Utvidar filmtilbodet
No blir det også film på laurdagane på Surnadal kulturhus.
Filmklubben vil i nokre veker framover utvide og vise filmar på laurdag (kl. 12). Filmklubben gir eit tilbod som skal supplere kinotilbodet med å vise gamle filmar, eller nyare filmar som kinoen ikkje har vist. Dei som arbeider på dagtid har ikkje fått tilgang til dette tilbodet, så no prøver vi oss fram med tre laurdagsfilmar i tillegg til dei faste visingane på onsdagen.
Først ut er likevel DE UBESTIKKELIGE som går onsdag til uvanleg tid (kl. 13.30). Det er av di filmen skildrar Eliot Ness sin jakt på gangsterboss Al Capone. Senioruniversitetet og Slektsforum vil gå gjennom kvar denne Ness slektar frå i sitt eige arrangement før filmen. Så difor kan også dei som skal på den slektsforskinga få med seg gangsterjakta på lerretet onsdag. Så til nyskapinga; film midt på blanke laurdagen. Den moderne klassikaren FIGHT CLUB (15 år) frå 1999 er regissert av David Fincher, som i tillegg er mest kjent for mørke «Seven». FIGHT CLUB er ein film som kanskje er meir aktuell i dag enn da den kom, da den m.a. tek opp menn (og kvinner) som ikkje finn sin plass i ei rutineprega verd og tyr til ganske ekstreme metodar for å «kjenne» noko.
Og dei som kjem ut for denne karen, vil absolutt kjenne noko: For frå tysdag av er det sett av plass til nyinnspelinga av NOSFERATU (15 år) på kinoen, og med ein regissør som bør vere den rette for å gjenskape denne klassiske skrekkhistoria. Robert Eggers har gjort filmar som «The Northman», «The Lighthouse» og “The Witch” og summerer du desse, får du eit energisk og noko skremmande sluttresultat. Originalen er frå 1922 og med Max Schreck (ja, faktisk) i hovudrolla. NOSFERATU er eigentleg Dracula-historia, men filmselskapet fekk ikkje rettane til å filmatisere Bram Stokers kjente roman og måtte difor endre namn og littegrann på handlinga. Fredag er det premiere på ein som også er ute på reise, men utan hoggtenner og blodfattig utsjånad: PADDINGTON I PERU (6 år) fortel om når bjørnen fer tilbake til der han kom frå, nemleg «det tjukkaste Peru» – og da blir det plenty med både sjarm, eventyrlyst og humor i jungelen.
KJÆRLIGHET, den siste filmen i Dag Johan Haugeruds svært kritikarroste trilogi («Sex» og «Drømmer» har vore vist før) vil starte opp søndag og vil også bli vist på kino og filmklubb i veka etter. Elles vil det framleis vere muleg å få med seg to andre norske filmar, eventyrfilmen KVITEBJØRN (6 år) og TEAM HAVNAA (12 år), den komande veka.
Heile programmet, med tider, finn du her: https://surnadal-kulturhus.no