ANNONSE:

Et par som ser seg selv i et speil.
Filmen "Elskling" går på kino i helga

Surnadal kino i helga

Kva – om så gale vil skje?

Vi er berre dagar før det amerikanske valet og verda held pusten over kva som kan skje i etterkant. CIVIL WAR er difor ei åtvaring om det som ikkje må skje.

Filmen, om ein framtidig amerikansk borgarkrig, er sett opp onsdag 30.10 kl. 13 i filmklubben. CIVIL WAR gjekk på Surnadal kino i vår, og no får dei som ikkje såg den da sjansen på nytt.

Filmen blandar seg ikkje inn i det politiske, for dei to statane som sett seg opp mot Washington er ein av kvar «sort». Slik sett skildrar CIVIL WAR meir forvirringa som oppstår, der ein ikkje er trygg på kven som er ven eller fiende. Dette er nok enno meir ein thriller og drama, enn typisk krigsfilm.

Dyktige Kirsten Dunst spelar den slitne krigskorrespondenten som, saman med tre andre, er på ein kronglete veg mot Washington, forhåpentleg tidsnok til å nå presidenten i live.

Norske ELSKLING har vore ein stor suksess både for eit veldig stort publikum og kritikarane – som NRKs Birger Vestmo: «ELSKLING treffer blink på absolutt alt, og er bemerkelsesverdig fri for synlige svakheter» (6 på terningen). Maria står ved eit vegskille når ektemannen plutseleg fortel at han vil ut av forholdet.

Svenske DEN SISTE REISEN – TILBAKE TIL RIVIERAEN har også fått mange til å benke seg i kinosalen, og heile 400.000 i heimlandet. Dokumentar om sonen Filip som tek med seg faren Lars til Rivieraen, med eit håp om at faren får livsgnisten tilbake.

Det gnistrar også av VENOM: THE LAST DANCE, men denne reisa er ikkje lagt opp for pensjonist på tur. Tom Hardy har hovudrolla i den tredje VENOM-filmen til Marvel.

Filmoversikta, med tider, finn du på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS