ANNONSE:

Bridget Jones: Mad about the boy

Premierar og tilbakeblikk

To nye filmar med eit visst publikumspotensial og eit femti-års-jubileum i Surnadal denne veka.

No og da kjem det filmar som fangar tidsånda, som «Rotløs ungdom» på femti-talet og «Easy Rider» sist på 60-talet. Her til lands traff Anja Breien da ho hadde premiere med HUSTRUER midt på 1970-talet.

Det var sjølvsagt også fulltreff at filmen kom i 1975, i FNs internasjonale kvinneår. HUSTRUER handlar om tre klassevenninner på skulejubileum, og som vel å fare på rangel i staden for å reise heim til mann og (for den eine) barn. I hovudrollene møter vi Anne Marie Ottersen, Katja Medbøe og Frøydis Armand, og med Helge Jordal og Sverre Anker Ousdal i biroller. Filmen går onsdag 12. kl. 12.

Hustruer

KAPTEIN SABELTANN OG GREVINNEN AV GRAL (aldersgrense 6 år) inviterer framleis til sjørøvareventyr i kinosalen. Etter kva NRK Filmpolitiet skriv, er filmen «skreddersydd for «småttinger» som elsker å leke med overprisede plastsverd og sjørøverhatter», noko dei vaksne i huset sjølvsagt må vente med til etter leggetid.

Kaptein Sabeltann

Verdspremiere på onsdag for Marvel-filmen CAPTAIN AMERICA: BRAVE NEW WORLD (12 år). Og sia vi her til lands er først ute med denne filmen, er det lite å hente på kritikkar så langt. Vi registrerer at det er stødige Harrison Ford (i rolla som Thaddeus Ross) som er president i USA. Han sender Captain America i veg for å stoppe eit globalt komplott.

Captain America : Brave New World

Ny premiere på fredag, med BRIDGET JONES: MAD ABOUT THE BOY. Like i uvisse kva kritikarane meiner om denne, men romanen frå 2013 vart i alle fall ein bestseljar. Bridget Jones (Renée Zellweger) har vore enke i fire år og er åleinemor, men så dukkar det opp eit par karar, og, ja …

Filmen blir også sett opp som strikkekino tysdag i neste veke.

Minner også om at HENNING SOMMERRO og OVE RØSBAK kjem på kulturhuset (foajeen) tysdag 11.02 kl. 13. Dei vil framføre tekster av Alf Prøysen og Vidar Sandbeck og det er gratis inngang. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er «sponsor» gjennom ordninga «Den kulturelle spaserstokken».

Red anm: Avsnittet om arrangementet med Henning Sommero og Ove Røsbak ble tatt ut rett etter publisering, da arrangementet er avlyst. 

Powered by Labrador CMS