ANNONSE:
«Oscarveke» i Surnadal
Du får i den komande veka sjansen til å sjå alle tre filmane som konkurrerte om å vere «vår» oscarkandidat.
ARMAND, som til slutt vart peika ut som
Noregs kandidat, hadde premiere fredag. Filmen er laga av han som alltid blir
presentert som barnebarnet til Liv Ullmann og Ingmar Bergman – Halfdan Ullmann
Tøndel. Alltid dyktige Renate Reinsve spelar åleinemora som blir tilkalla av
skulen etter at sonen har vore i konflikt med ein medelev.
Siste dagar for QUISLINGS SISTE DAGER, og SEX er den tredje filmen i «alle gode ting er …»-rekka. Det er Seniorfilmklubben, der «alle» er med, som viser SEX onsdag 2. oktober kl. 13.
SEX lovar ikkje noko av det tittelen gir uttrykk av. For her blir det berre med praten, bokstaveleg talt. For dette er ein film som kvilar på dialogen, og kva moralske sidespor den penslar inn på. Sterke rolleprestasjonar – Jan Gunnar Røise og Siri Forberg vann dei to skuespelarprisane på Amanda-utdelinga i sommar. I tillegg vann Dag Johan Haugerud prisen for beste regi og beste manus.
SEX er den første av tre i filmtrilogien «Sex, drømmer og kjærlighet». Filmane heng ikkje saman på anna vis enn at dei tematisk kan slekte på kvarandre. Surnadal kino vil vise film nr. 2, DRØMMER, om ei stor veke.
Elles går DreamWorks animasjonsfilm DEN VILLE ROBOTEN (6 år) – og, for å sitere VG, det er eit «mesterverk for liten, mesterverk for stor». Strålande kritikkar!
Og onsdag er Joaquin Phoenix tilbake med JOKER: FOLIE À DEUX (der den andre gale i filmen blir spelt av Lady Gaga).
Heile kinoprogrammet finn du på Surnadal kulturhus sine nettsider.